top of page

SISTE SKRIK

Blyantteikning og tekstil.

Selde som kunsttrykk i opplag på 40 nummererte og signerte eksemplar.

I Peugeoten til Besten såg eg min første mobiltelefon.

Han var stor som ei skoøskje, og fastmontert mellom framsetane.

Han hadde telefonrøyr og ledning med krøll, og var alldeles banebrytande.

Størst var dagen me fekk datamaskin.

Ho var i tre delar og hadde spesialmøbel og eigen datakrok.

Ho hadde ikkje internett, men ho hadde kabal.

Sjølfie var ikkje eit ord på denne tida, men det var sjølvutløysar.

I fotoalbumet har me bilete med ein uklar pappa midt i svevet der han kastar seg inn framfor resten av familien på skitur.

Eg hadde puls då eg kjøpte smarttelefon.

Han var ein revolusjon i kvit design, og han fekk plass i lomma.

Då han byrja å telje skritta mine såg eg at me hadde gått for langt

Sjølfie

Umobil telefon

Elbil

Handsfree

FIFA

Elvisp

Laptop

Gruppechat

Kortreist konfeksjon

iPod

Norsk moteblogg

Vannseng med HMS

Stine Eide galleri & ateliér

​Vangsgata 33

5700 Voss​

 

Opningstider:

10.00 - 16.00  Onsdag - Fredag

10.00 - 15.00  Laurdag

tlf: 98481539

stineeide@gmail.com

  • Instagram
  • Facebook
bottom of page