top of page

Siste skrik

Bileta er handteikna med blyant

og kombinert med tekstilar som fargeelement.

Dei vert trykt som Giclée-trykk i opplag på

40 nummererte og signerte eksemplar.

I Peugeoten til Besten såg eg min første mobiltelefon.

Han var stor som ei skoøskje, og fastmontert mellom framsetane.

Han hadde telefonrøyr og ledning med krøll, og var alldeles banebrytande. Størst var dagen me fekk datamaskin.

Ho var i tre delar og hadde spesialmøbel og eigen datakrok.

Ho hadde ikkje internett, men ho hadde kabal.

Sjølfie var ikkje eit ord på denne tida, men det var sjølvutløysar.

I fotoalbumet har me bilete med ein uklar Pappa midt i svevet der han kastar seg inn framfor resten av familien på skitur.

Eg hadde puls då eg kjøpte smarttelefon.

Han var ein revolusjon i kvit design, og han fekk plass i lomma.

Då han byrja å telje skritta mine såg eg at me hadde gått for langt.

How to be Human

Bileta er handteikna med blyant

og kombinert med tekstilar som fargeelement.

Dei vert trykt som Giclée-trykk i opplag på

40 nummererte og signerte eksemplar.

Det er ikkje lett å vere kvinne.

Du skal vere ei god vertinne, god veninne, god kone og god mor.

God husmor, god kokk, god gartnar og helst ein nokolunde god handyman.

Du skal ha god økonomi, god karriere,

god garderobe, og kanskje viktigast av alt,

ei skikkelig god rumpe.

Men så er det ikkje så lett å vere mann heller.

Dei skal jo leve opp til oss kvinner

Svartkvit kolleksjon

Utvalde motiv frå serien i svartkvit variant.

Opplag på 40 eksemplar.

Naturkollisjon

Bileta er handteikna med blyant og fargeblyant.

Dei vert trykt som Giclée-trykk i opplag på

40 nummererte og signerte eksemplar.

Denne serien vart til etter eit år i London

der eg, oppvaksen i fjella på Voss,

vart brutalt medviten om avstanden mellom kultur og natur.


Kva er natur for nokon som ikkje har opplevd han?

Ny serie!

Bileta er handteikna med blyant

og kombinert med digitale fargeelement.

Dei vert trykt som Giclée-trykk i opplag på

40 nummererte og signerte eksemplar.

Ein serie for små og store med sansen for

tørr og fin ordspel-humor.

Bileta illustrerar ord og uttrykk på originalt vis gjennom kosedyr og leiketøy. 

Tanken er at bileta kan fylgja deg frå barnerommet og inn i vaksenlivet.

 

Serien er framleis under arbeid.

Fleire motiv kjem!

SISTE SKRIK
NATURKOLLISJON
HOW TO BE HUMAN
NY SERIE!
bottom of page