KUNSTTRYKK
Dei som trykkjer kunsten min er sertifiserte fagfolk som garanterer for kvaliteten. Dei brukar blekk og papir som har så høg kvalitet at trykka er haldbare i minst 100 år.
Kvart kunsttrykk kjem med sitt eige sertifikat, og er nummerert og signert for hand, av kunstnaren.
Dei fleste bileta vert trykte i eit opplag på 40 eksemplar, mens nokre få kjem
i eit avgrensa opplag på berre 10 eksemplar.


Bileta mine er blyantteikningar.
Dei er teikna for hand med gråblyant på papir, og dei største og mest detaljerte verka brukar eg gjerne eit år på å fullføra. Når teikninga er ferdig skannar eg den inn og lagar kunsttrykk av den på ulike vis.
I seriane KUNSTEN Å VERA MENNESKE og SISTE SKRIK kombinerer eg teikningane med fine, gamle tekstilar frå loftet til besto mi og andre stoffskattar eg har samla inn opp gjennom åra.
Serien NATURKOLLISJON, derimot,
er heilt uendra. Her har eg laga kunsttrykk av teikningane akkurat slik dei er. Målet mitt er å laga nye kunst-uttrykk med inspirasjon frå gamle tradisjonar, og ta den figurative teiknekunsten inn i samtida.
Denne måten å kombinera tradisjonell og digital kunst på blir kalla D.G.A,
som står for Digital Graphic Artwork.

