ORIGINALTEIKNINGAR
Handteikna med blyant, penn og tusj.
Originalane er innramma av min lokale rammemakar og kan berre kjøpast med ramme.
For første gong er originalteikningane mine for sal.
Og dei har eg eit heilt eige forhold til.
Nokre av originalane går heile tolv år tilbake, og har levd sitt liv i ei mørk skuffa, mens dei har venta på den rette anledninga til å syna seg fram for publikum.
Den anledninga kom i januar 2025, då eg opna nytt og større Stine Eide Galleri & Atelier.
Med skjelvande hand og hjarta i halsen, tok eg då fram att originalteikningane og fargela dei med tusj, som ikkje kan angrast eller viskast ut.
Nervøst var det, men også befriande.
Endeleg skulle bileta eg hadde brukt så mykje tid på, og vore så viktige for meg, få komma seg ut og opp på veggane til folk, der dei høyrer heima.
Originalane er teikna med blyant, tusj og penn på papir, og er altså kunstverk som det berre finns eitt einaste eksemplar av. Originalane som ikkje alt er selde kan du sjå utstilt i galleriet mitt på Voss.
Velkomen innom!




















































