top of page

KJØPA KUNST

Ynskjer du å kjøpa bilete hjå meg?

Så kjekt!​

Her er måtane du kan gjera det på.

Stine Eide 

galleri & ateliér

Besøk meg i galleriet mitt på Voss!

Her kan du sjå og kjøpa alle variantar av trykka mine både med og utan rammer.  
Eg sel også gåvekort, og eit lite utval kunstkort, kunstkalenderar og notatbøker.

Alle originalteikningane, som ikkje alt er selde, er utstilte for sal her.

Eg er sjølv på galleriet og hjelper deg med å velja bilete, tenkja innramming og alt anna du måtte ynskja å få hjelp med.

Sidan dette også er ateliéret mitt, er det naturleg nok her eg sit og teiknar. Så dersom du kjem innom får du også sjå korleis bileta mine vert til, frå idéstadiet til ferdig bilete! 

Faste opningstider er:​

10.00-16.00  Onsdag - Fredag

10.00-15.00  Laurdag

Eg har ofte ope utanom faste opningstider også.

Kontakt meg om du ynskjer å vitja galleriet når det er stengt. Eg opnar meir enn gjerne for deg!

Adresse:

Vangsgata 33

5700 Voss

tlf: 98481539

e-post: stineeide@gmail.com

Bestilla bilete

Hvis du ikkje planlegg å ta turen innom Voss

med det første kan du bestilla bilete på nett.

Klikk på BESTILL TRYKK på det biletet du vil kjøpa.

Då kjem du til ein e-post som viser det aktuelle biletet i emnefeltet, og så legg du sjølv til det du

vil seia om bestillinga. Du forpliktar deg ikkje til å kjøpa når du sender meg e-post, og du må gjerne nytta den til spørsmål!

Eg sender bilete både med og utan innramming.

Porto er 150 kr uansett størrelse.

Du kan også bestilla bilete ved å kontakta meg på telefon, e-post og sosiale media:

  • Instagram
  • Facebook
senda_edited.jpg

Utsal i andre galleri

581932935_1353478776790156_1665392285634

Eg samarbeider med fleire galleri i Noreg som sel eit utval av bileta mine i sitt sortiment.

 

Du finn bileta mine i desse galleria:

 

Bergen Contemporary, Bergen

Galleri Bi-Z, Kristiansand

Tores Kunst & Ramme, Stavanger

Galleri Hantho, Haugesund

Galleri ER, Sandefjord

Galleri Klara, Stjørdal

Eg har også omreisande utstillingar i galleri og kulturhus. Info om det legg eg ut i sosiale media når det er aktuelt.

Innramming

Eg samarbeider med Rune Ringheim,

ein dyktig lokal rammemakar på Voss.

Han har eit stort utval passepartoutar, rammer og glas, og rammar inn bileta akkurat slik du ynskjer.

I biletkarusellen ser du ein oversikt over dei mest brukte rammene mine, og under finn du prisane på dei.

RAMMEPRISAR:

14x20 CM TRYKK

Rammemål ståande 35x44 cm, liggande 38x41 cm

Smal ramme: 850 kr

Eikeramme / Kraftig ramme: 1000 kr

Berre passepartout: 250 kr

20x20 CM TRYKK

Rammemål 41x-44 cm

Smal ramme: 900 kr

Eikeramme / Kraftig ramme: 1100 kr

Berre passepartout: 300 kr

20x29 CM TRYKK

Rammemål ståande 41x53 cm liggande 44x50 cm

Smal ramme: 950 kr

Eikeramme / Kraftig ramme: 1200 kr

Berre passepartout: 300 kr

29x29 CM TRYKK

Rammemål 50x53 cm

Smal ramme: 1000 kr

Eikeramme / Kraftig ramme: 1300 kr

Berre passepartout: 400 kr

29x41 CM TRYKK

Rammemål ståande 50x65 cm liggande 53x61 cm

Smal ramme: 1100 kr

Eikeramme / Kraftig ramme: 1400 kr

Berre passepartout: 400 kr

35x50 CM TRYKK

Rammemål ståande 56x74 cm

Smal ramme: 1400 kr

Eikeramme / Kraftig ramme: 1800 kr

Berre passepartout: 500 kr

42x60 CM TRYKK

Rammemål ståande 63x80 cm

Eikeramme / Kraftig ramme: 2000 kr

Berre passepartout: 600 kr

Ta kontakt for prisar på andre mål og rammetypar, og tillegg for artglas.

Kunstavgiften.jpg

Dersom prisen på sjølve KUNSTVERKET, utan ramma, er over 2000 kr, vert det lagt på 5% i kunstavgift. 

Det vil til dømes seie at eit trykk som kostar 3000 kr får ei kunstavgift på 150 kr i tillegg.

Les meir om kunstavgiften HER

Stine Eide galleri & ateliér

​Vangsgata 33

5700 Voss​

 

Opningstider:

10.00 - 16.00  Onsdag - Fredag

10.00 - 15.00  Laurdag

tlf: 98481539

stineeide@gmail.com

  • Instagram
  • Facebook
bottom of page