STINE EIDE
er ein norsk biletkunstnar som arbeider med nyskapande blyantteikning
Bileta mine er handteikna, hyperrealistiske blyantteikningar kombinert med ulike materialar og teknikkar. Dette særeigne uttrykket har eg utvikla med eit ynskje om
å skapa ny og moderne kunst basert på tradisjonell teiknekunst.
I kunsten min finn du alltid eit tema som opptek meg. Alt frå framandgjering og teknologi til tradisjon, kultur og natur.
Kunsten min er eit forsøk på å ta både lett
og blytung tematikk på kornet, gjerne med eit humoristisk skråblikk som kan gje både humrande og tankevekkande attkjenning
hjå dei fleste.
Eg er medlem av Norske billedkunstnere og Tegnerforbundet, og har utdanning frå
Voss, Bergen, Queensland og London.
Eg vart biletkunstnar på heiltid i 2013 og har sidan hatt ei rekkje utstillingar.
I 2016 opna eg eige galleri og ateliér i Voss sentrum, og har såleis etablert meg som kunstnar på heimstaden min.

















