STINE EIDE

Stine Eide er ein norsk biletkunstnar som arbeidar med nyskapande blyantteikning under namnet Pencil Pieces by Stine Eide.

 

Bileta er basert på hyperrealistiske, handteikna blyantteikningar, som er kombinert med trykk av tekstil som fargeelement. Teknikken er utvikla med eit mål om å skape eit nytt og moderne kunstuttrykk ut frå tradisjonell teiknekunst. 

‚Äč

Stine Eide er medlem av Tegnerforbundet og Norske billedkunstnere, og har utdanning frå Voss, Bergen, Queensland og London.

Etter at ho vart utøvande biletkunstnar på heiltid i 2013 har ho stilt ut fleire stadar i Noreg, og hatt ei rekke soloutstillingar.
I 2016 etablerte Stine Eide seg med eige galleri og ateliér i sentrum på heimstaden, Voss.

 

Med sin karakteristiske strek har ho gjort suksess med seriane Naturkollisjon, How to be human, og Siste skrik, der ho tar opp aktuelle tema som samtidskultur, samfunnsutvikling og feminisme, alt med eit humoristisk skråblikk.

JK

  • w-facebook
  • w-flickr
  • Twitter Clean