SISTE SKRIK

I Peugeoten til Besten såg eg min første mobiltelefon.

Han var stor som ei skoøskje, og fastmontert mellom framsetane.

Han hadde telefonrøyr og ledning med krøll, og var alldeles banebrytande.

Størst var dagen me fekk datamaskin.

Ho var i tre delar og hadde spesialmøbel og eigen datakrok.

Ho hadde ikkje internett, men ho hadde kabal.

Sjølfie var ikkje eit ord på denne tida, men det var sjølvutløysar.

I fotoalbumet har me bilete med ein uklar pappa midt i svevet

der han kastar seg inn framfor resten av familien på skitur.

Eg hadde puls då eg kjøpte smarttelefon.

Han var ein revolusjon i kvit design, og han fekk plass i lomma.

Då han byrja å telje skritta mine såg eg at me hadde gått for langt.

 

Bileta er handteikna med blyant og kombinert med tekstil. 

Dei vert selde som sertifiserte og nummererte giclée trykk i opplag på 40 eksemplar.

  • w-facebook
  • w-flickr
  • Twitter Clean